Forfatterbesøk på Hornnes

Ein sprudlande Tore Renberg kom på besøk måndag før påskeferien for å snakke om ein av sine siste romanar, Tollak til Ingeborg.

I to økter blei han bokbada av modige elevar som måtte finne seg i at forfattaren av og til snudde på situasjonen, såg bokbadaren djupt i augo og kontra med «Ja, hva mener du?» på stavangerdialekt.  

Det viste seg også at dette ikkje var nokon vanleg, keisam forfattar. Han var bokstavleg talt overalt, snakka med alle og delte ut signerte bøker til dei som fortente det. Det kunne verke som han var litt «hyper» der han sprang rundt i auditoriet. I byrjinga snakka han om korleis ungdomen i dag ikkje måtte finne seg i alle dei merkelappane som dei vaksne set på dei. Han kom også inn på sin eigen oppvekst. Under bokbadinga gav han tydeleg beskjed om at han ikkje likte spørsmål om tema og bodskap. «Eg er ikkje ein prest. Tema og bodskap er noko norsklærarane driv på med,» smalt det frå godstolen. Han likte heller ikkje spørsmål om eks-kona og kor mykje han tente. Renberg snakka derimot lenge om kven Tollak er, korleis han fekk ideen til boka og forhaldet mellom Tollak og Hillevi.  

For ein av bokbadarane blei det eit heilt bokstavleg «bokbad» då han drista seg til å spørje om Ingeborg var inspirert av eks-kona. Det blei i det heile tatt to norsktimar litt utanom det vanlege. Det blei også ei hyggeleg overrasking for dei elevane som hadde sett fram til å treffe ein keisam, sjølvopptatt forfattar som snakka om litterære verkemiddel og dei flotte karakterane sine.