Forldremøte for vg2

onsdag 23. september

INVITASJON TIL MØTE FOR FORELDRE/FØRESETTE 

 

Vi inviterer med dette til møte for foreldre/føresette for Vg1 og Vg2 på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes onsdag 23. september 2020. Oppmøte blir utanfor hovudinngangen ved skulen. Kontaktlærarane viser kor de skal vere. 

 

Program for kvelden: 

Kl. 17.30 – 19.30:Klassemøte. Kontaktlærar presenterer seg sjølv og programområdet. Rektor kjem innom i løpet av kvelden. 

 

Informasjon om fellesfag, programfag, utplassering for yrkesfag, arbeidsplanar, prøveplanar, It’s Learning, ordensreglar, klasseromsreglar, elevundersøkinga og sosialpedagogisk arbeid i klassen. 

 

På grunn av Covid 19-situasjonen, vil det berre vere mogleg for oss å ta imot éin forelder/føresett per elev. Det vil av same årsak ikkje bli servert mat på møtet i år. Vi ber om at alle som kjem på møtet følgjer dei generelle retningslinene for smittevern. 

Til toppen