Informasjon

 til foreldre/føresette og elevar

Dette er ein heilt uvanleg situasjon for oss alle både elevar, foreldre og lærarar. Likevel må vi gjere vårt beste for at elevane skal få så god undervisning som mogleg ved hjelp av digitale plattformer og telefon. Vi oppmodar foreldre og føresette til å engasjere seg i elevane sitt arbeid for å skape den best moglege opplæringssituasjonen for ungdomane. 

 

Skulen er i første omgang stengt til 26. mars, men det blir undervisning på digitale plattformer. Slik som situasjonen utviklar seg kan det også bli lenger. Dette vil ein kome tilbake til når ein veit noko meir. Det blir sikkert også kommunisert på nyhetene. 

 

  1. Unngå smittespreiing. 

Først av alt er det viktig å følgje råda frå Folkehelseinstituttet når det gjeld helsing og samvær med andre. 

 

  1. Etablere gode vanar 

Det beste er å prøve å gjere kvardagen så normal som mogleg. Når du ikkje kan gå på skulen er det likevel viktig å få i seg mat og ha ein plass der du arbeider med oppgåver frå skulen. Å ta seg friminutt inn i mellom og få fysisk aktivitet utan å vere saman med mange andre gjer også skulearbeidet lettare. 

 

  1. Kvar finn du skulearbeidet? 

Skulearbeidet ligg på ItsLearning. Våre tre avdelingar har gjort det litt ulikt, men kontaktlærar og faglærar held kontakten med eleven på denne plattforma.  

 

Faglærar prøver i utgangspunktet å vere til stades når faga ligg på timeplanen. Dersom han/ho av ulike grunnar ikkje får dette til, får elevane melding om når læraren er å treffe på Its. Då kan elevane få hjelp, råd og vink med skulearbeidet. 

 

Det kan også blir tatt spesielt kontakt med enkeltelevar eller grupper, men dette er det faglæraren som styrer.  

 

På Hornnes har det har vore halde klassemøte med lærarane i alle klassane på Teams. Kontaktlærar har lagt ut vekeplan som elevane kan arbeid etter, og kvar enkelt faglærar har laga arbeidsoppgåver og lagt på sitt fag.  

Hovden og Valle har laga eigne planar ut frå avdelinga sitt særpreg. 

Skulen krev ikkje at du som elev «melder deg inn» på bestemte tidspunkt, men du må levere oppgåver etter oppsett plan og til oppsett dato. Dersom du ikkje gjer dette kan det få konsekvensar for ordenskarakteren. 

 

  1. Prøver 

På Hornnes følgjer ein prøveplanen med visse justeringar. Det blir også lagt ut på ItsLearning. 

 

  1. Treng du hjelp eller har du spørsmål? 

Ta kontakt med kontaktlærar, faglærar, rådgjevar på Its, e-post eller telefon. Du kan også ringe skulens sentralbord viss du/de lurer på noko 

Har du liggjande ting/bøker på skulen som du treng til skulearbeidet? Ta kontakt med sentralbordet, så får du hjelp til å hente ut dette. 

 

  1. Karakterar og eksamen. 

Alle må arbeide saman slik at elevane kan får standpunktkarakter til våren. Korleis det blir med eksamen veit ein ikkje pr. i dag tysdag 17. mars. Dette blir bestemt i løpet av denne veka etter det kunnskapsministeren sa i går. 

 

  1. Fråvær/sjukdom 

Det gjeld same fråværsreglar om du er heime eller på skulen. Er du under 18 år og sjuk kan foreldra skrive melding for deg, er du over 18, så skriv du eigenmelding ved sjukdom. 

 

  1. Utplassering 

Viss arbeidsgjevar seier det er greitt kan utplasseringspraksisen fullførast etter oppsett plan. Kontaktlærar har oversikt over dette. 

 

 

Skulekvardagen dei neste vekene er basert på tillit – og i desse tider er det viktig å vere både rause med kvarandre og vise tillit. Ingen av oss har opplevd liknande og difor må alle legg godviljen til for å få gjennomført dette på best mogleg måte. 

 

Vi skal greie dette saman! 

 

 

Helsing 

 

Birgit Attestog 

rektor 

 

Til toppen