Nytt skuleår 2021/2022

Velkommen til nytt skuleår ved Setesdal vidaregåande skule!

Skulestart 

Hornnes: Torsdag 19.august kl 08.00.  

Valle: Tysdag 17. august kl. 09.00 

Hovden: Tysdag 17. august kl 08.00 

 

Korona: Informasjon om smittevern 

Vi startar skuleåret på «grønt nivå». På skulen er vi opptekne av godt smittevern og alle vil få utfyllande informasjon på første skuledag. Det er plassert handsprit ved alle inngangar og ein oppfordrar alle til å følgje regjeringa sine råd om smitteforebygging. Det er svært viktig at ein ikkje møter på skulen dersom ein har symptom på sjukdom.  

 

Bøker, PC og utstyr 

Skulebøker blir utdelt i løpet av dei første skuledagane. Nye elevar må signere på «Reglement for utlån av lærebøker» som blir delt ut i papirformat første veka. På grunn av forseinka leveringstid på årets elev-PC`ar oppmodar vi VG1 elevar som har privat PC om å ta med denne til skulestart. 

I dei studieretningane det krevst innkjøp av anna utstyr, får ein innkjøpsliste av kontaktlærar i løpet av dei første skuledagane. Du kan lese om utstyrsstipend frå lånekassen her. 

 

Nyttig informasjon 

Her på heimesida til skulen finn du mykje nyttig informasjon, blant anna om; kontaktinformasjon og tilsetteferie og fridagarordensreglementbiblioteketskuleskysshybelbygg og hjelp og rådgjeving. Fylkeskommunen si heimeside har også mykje felles informasjon for opplæring i vidaregåande skule.  

 

Vi gleder oss til å treffe deg første skuledag og ser fram til eit godt skuleår saman her på Setesdal vidaregåande skule. 

Til toppen