Smitteverntiltak ved Setesdal vgs. avd. Hornnes

 

  • Handsprit er utplassert ved alle inngangar – Bruk dette når du kjem på skulen og før du reiser heim.
  • Ver nøye med handhygiene – Hender skal vaskast ved toalettbesøk samt før og etter mat.
  • Ein må halde seg til sin faste plass i klasserommet og har ikkje lov å besøke andre sine klasserom.
  • Utanfor klasserommet held vi 1 meter avstand til kvarandre.
  • I friminutta oppheld vi oss på klasserommet eller utandørs.
  • Ved byte av klasserom i løpet av dagen vaskar vi over pult og stol før vi forlet rommet. Lærar sprayer på desinfeksjon, og elev tørker av med papirtørkle.
  • På toalett og i garderobar: Hald god avstand i køen, og ikkje for mange inn samtidig.
  • I kantina: Bruk handsprit før du går inn, og hald god avstand i køen til kassa.
  • Elevheimen er berre open for elevar som bur der. Besøk utanfrå er ikkje tillate.
  • Det viktigaste er: Ikkje møt på skulen dersom du har symptom!
Til toppen