Velkomen til nytt skuleår ved Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes

Klikk for stort bilde   

Skulestart er måndag 17.08.20 kl 08.00

 

Oppmøteplass

VG1 møter opp utenfor hovedinngangen.

VG2 og VG3 bruker den gamle inngangen.

 

1. etg.:

2STB rom 103 (Vg2 stud.spes.)

1TPA rom 104 (Vg1 Teknikk og industrifag)

3STB rom 111 (Vg3 stud.spes)

3PBY rom 121 (Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse)

1STB rom 122 (Vg1 stud.spes.)

2STC rom 123 (Vg2 stud.spes.)

 

2. etg.:

1HOA rom 204 (Vg1 Helse- og oppvekstfag)

2BUA rom 207 (Vg 2 Barne- og ungdomsarbeider)

2HFA rom 208 (Vg2 Helsefagarbeider)

 

3. etg.:

1BAA rom 309 (Vg1 Bygg- og anleggsteknikk)

 

Scenen ved kantina:

 2BTA scenen (Vg2 Byggteknikk)

 

Korona: Informasjon om smittevern

På skulen er vi opptekne av godt smittevern og alle vil få utfyllande informasjon på første skuledag. Det er plassert handsprit ved alle inngangar og ein oppfordrar alle til å følgje regjeringa sine råd om smitteforebygging. Det er svært viktig at ein ikkje møter på skulen dersom ein har symptom på sjukdom. Sjå elles eige skriv for smitteverntiltak ved skulen.

 

 

Bøker, PC og utstyr

Skulebøker blir utdelt i løpet av dei første skuledagane. Nye elevar må signere på «Reglement for utlån av lærebøker» samt «Avtale om elev-PC» - begge desse avtalane blir delt ut i papirformat første veka. Skule-PC blir utlevert i veke 35 ved innlevert, signert PC-avtale.

I dei studieretningane det krevst innkjøp av anna utstyr, får ein innkjøpsliste av kontaktlærar i løpet av dei første skuledagane. Du kan lese om utstyrsstipend frå lånekassen her.

 

Nyttig informasjon

Her på heimesida til skulen finn du mykje nyttig informasjon, blant anna om; kontaktinformasjon og tilsette, ferie og fridagar, ordensreglement, biblioteket, skuleskyss, elevheimen, og hjelp og rådgjeving. Fylkeskommunen si heimeside har også mykje felles informasjon for opplæring i vidaregåande skule.


 

Vi gleder oss til å treffe deg første skuledag og ser fram til eit godt skuleår saman her på Setesdal vidaregåande skule.

Til toppen