Elevheimen er skulen sitt internat, og ligg i tett tilknyting til skulen på avdeling Hornnes. Elevheimen byr på et sosialt miljø. Elevane har blant anna eigne treningstider i Otrahallen til fotball, volleyball etc. Alle rom har eigen vask. Kvar avdeling/fløy inneheld 6 hyblar som deler dusj, toalett og kjøkken. Kjøkkena inneheld servise, gryter/panner, bestikk og kjøkenreiskap. Hyblane har tilgang på internett og kvar etasje har ei felles stove som elevane kan nytte. Felles vaskerom og sykkelbod er lokalisert i kjellaren på bygget. Det finns også eit eige opphaldsrom med biljard og bordtennis. Elevane er sjølve ansvarlege for reinhald av sine rom.
Internatvakt
Det er alltid til stade nattevakt frå 22.00-07.00 mån, tys, ons, tors og søn.
I tillegg er ettermiddags-/kveldsvakter tilgjengeleg anten fysisk eller per telefon i veka og i helg. Telefonliste til vakter blir hengt opp lett tilgjengeleg for elevane ved vaktrommet i 1.etg.
I starten av kvart skuleår blir det også oppretta ei Facebook side for felles beskjedar, informasjon, og ein kan kommunisere med vaktene og andre elevar der.
Husordensreglar
Det er viktig at du set deg inn i desse før innflytting.
Husordensreglar (DOCX, 17 kB)
Korleis søkje plass
(Du blir vidaresendt til søkeportal med innlogging via ID-porten)
NB: Svar på søknaden blir sendt ut etter inntaket i juli
Har du meir enn 3 timar reiseveg mellom heim og skule, eller meir enn 4 mil mellom heim og skule kan du søkje om «borteboerstipend». Dette stipendet er på 4979 kr pr. mnd for skuleåret 2022/2023. NB: Det er viktig å oppgi riktig adresse for elevheimen i søknaden til lånekassen. Riktig adresse er; Gymnasvegen 26, 4737 Hornnes.
Husleige
Husleiga for skuleåret 2022/2023 er 2900kr pr. mnd.
Alle som får plass ved Elevheimen får tilsendt husleigekontrakta. (DOCX, 21 kB)
Kva må du ha med deg ved innflytting?
*Dyne/pute
*Sengekle
*Overmadrass 90x200cm
*Gardiner med rynkebånd (lurt med lystette gardiner, min. lengde 130cm, max lengde 205cm
Husordensreglar
For internat/hybelbygg i Aust-Agder fylkeskommune
Føremål
Føremålet med husordensreglane er å bidra til godt samarbeid, trivsel, respekt og medansvar, og for eit godt lærings- og bu-miljø for alle på hybel/internat. Reglementet skal fremje god orden og åtferd og gode arbeidsvaner, og slik leggje til rette for god læring.
Orden og åtferd
Leigetakar pliktar å:
- Samarbeide med alle leigetakarar for å skape eit godt, inkluderande og triveleg bu-miljø for alle.
- Følgje vanlege normer for god og omsynsfull oppførsel.
- Sette seg inn i branninstruksen og følgje denne.
- Delta aktivt i møter der leigetakarane i samarbeid finn gode forslag til positiv samhandling, aktivitetar, felles reglar osv.
- Sørge for reinhald av eige rom samt halde fellesareal reine etter reinhaldsplan.
- Gi utleigar eller utleigar sin representant tilgang til husrommet når utleigar har varsla tilsyn eller vedlikehaldsarbeid, i tråd med husleigelova § 5-6.
Påbod og forbod:
- Det skal vere stille og roleg i periodar:
- 16-18: tid til lekser og skulearbeid
- 23-07: sove-ro
- Det er ikkje anledning til å ha dyr i hybelbygg/internat
- Leigetakar skal gi melding om eventuelle overnattingsgjester innan rimeleg tid. Utleigar kan nekte leigetakar å ha overnattingsgjester dersom det er nødvendig av omsyn til forsvarleg bruk av husrommet eller av andre sikkerheitsmessige årsaker.
- Den enkelte leigetakar er ansvarleg for at gjestene overheld husordensreglane.
- Det er forbode å oppbevare våpen eller andre gjenstandar som kan påføre andre skade eller frykt.
- Det er forbode å bruke og omsette alkohol samt ulovlege rusmidlar på hybelbygg/internat.
- Det er forbode å oppbevare ulovlege rusmidlar på hybelbygg/internat.
Konsekvensar
Brot på husordensreglementet kan føre til:
- Munnleg/skriftleg varsel frå vakt/internatleiar/skuleleiinga.
- Kontakt med heimen og involvering av foreldre/føresette dersom leigetakaren er under 18 år.
- Pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er utført på hybelbygget/internatet sin eigedom eller eigedelar.
- Erstatningsansvar.
- Melding til politiet om antatt straffbare forhold.
- Oppseiing av leigeforholdet, jf. Husleigelova §9-5.
- Heving av leigeforholdet, jf. husleigelova §9-9.
Reinhaldsplan
Elevar som bur ved Elevheimen har ved signering av husleigekontrakta forplikta seg til å halde eigne rom og fellesareal reine og ryddige etter reinhaldsplan.
Alle elevar er plikta til å vaske, rydde og fjerne søppel på sitt eige rom ein gong i veka. Inspeksjon av private rom blir varsla minst 14 dagar i førevegen.
På kvart kjøkken blir det hengt opp liste med fordeling av kjøkkenvakter. Kjøkkenvakta roterer dagleg, slik at ein elev har vakt kvar dag, med ansvar for å halde kjøkkenet reint og ryddig, samt ta ut søppel ved behov.
Dei tilsette vil jamleg sjekke at:
- Uteareal og fellesareal inne er fri for søppel
- Fellesareal er ryddige
- Kjøleskåp og komfyr er reine innvendig og utvendig
- Kle er tatt ut av vaskemaskin/tørketrommel. Våte kle skal ikkje ligge i maskina eller i balje over tid.
Før alle feriar (inkludert før sommarferie ved utflytting) må elevane stille opp på felles nedvask av kjøkkenet i sin fløy. Dette blir etterfølgt av pizzakveld i fellesskap.
Ved utflytting av Elevheimen er eleven plikta til å vaske ned hybelen sin:
- Vaske tak, veggar og lister på rommet
- Vaske ut av skåp og skuffer
- Pusse vindauga
På gitte utflyttingsdatoar ved skuleslutt vil personalet vere til stade og inspisere romma for å sjekke at reinhald er tilfredsstillande utført og gå over inventarliste. Dersom ein finn manglar vil dette medføre trekk i depositumet.
Kontaktinformasjon
- Sentraladministrasjon: 94506900, setesdal@setesdal.vgs.no
- Adm.leiar, Åshild Bødal: 48602401, ashild.bodal@setesdal.vgs.no
- Internatleiar, Venche Lise S. Ramse: 47757100, venche.lise.skomedal.ramse@setesdal.vgs.no