Her fekk dei besøkande oppleve breidda i utdanningstilbodet ved Setesdal vidaregåande skule. Saman med elevar og lærarar frå Hornnes var også avdelingane i Valle og på Hovden representerte, slik at vi fekk vist fram heile mangfaldet av fag og moglegheiter ved skulen vår. Dei frammøtte fekk møte engasjerte elevar og lærarar, prøve seg på mange spennande aktivitetar og bli betre kjende med dei ulike utdanningstilboda våre.
Vi hadde òg gleda av å få besøk frå næringslivet, opplæringskontor og fleire samarbeidspartnarar som er med på å synleggjere dei mange moglegheitene som finst etter vidaregåande opplæring.
Takk til elevar, tilsette, bedrifter, samarbeidspartnarar og alle besøkande som gjorde dagen til ei flott oppleving! ✨