Program for kvelden:
Kl. 18.00 – 19.10: Informasjon frå rektor, politi, helsesjukepleiar og elevrådskontakt i kantina. Det blir servert mat og kaffe etter informasjonsmøtet som ein kan ta med seg bort til klasseromma.
Kl. 19.15 – 20.00: Klassemøte for føresette i klasseromma. Kontaktlærar presenterer seg sjølv og programområdet. Informasjon om fellesfag, programfag, utplassering for yrkesfag, arbeidsplanar, prøveplanar, It’s Learning, Inschool, ordensreglar, fråvær, klasseromsreglar og sosialpedagogisk arbeid i klassen.
For at vi skal vite om lag kor mange som kjem, ber vi om at ein føresett fyller ut informasjon i påmeldingslenka her.
Vel møtt!
Med helsing
Jens Petter Røed
Rektor