Spanande foredrag av astrofysikar
I dag var me så heldige å ha besøk av astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.
Fornøyd forsamling
Tom Arild Homme
Med sitt fantastiske engasjement har han tatt oss med på ei reise frå universets opprinnelse via jordas dannelse og til slutt den mulige skjebnen til jordkloden om 8 milliarder år. Ødegaard kunne meddele at framtidige hovedfagsstudentar innan astrofysikk kunne ha spanande år i vente på grunn av stadig forbetra utstyr og teleskop som kunne fange opp fleire detaljar i verdensrommet enn tidlegare. Kanskje nokre av elevane legg framtidige studieplaner i astronomisk retning etter denne inspirerande økta.
Alle elevar og lærarar som deltok vil etter dette ha endå større føresetnader for å forklare lysande objekt eller lysglimt som dukker opp på nattehimmelen.
Skulen vil rette ein stor takk til Knut Jørgen Røed Ødegaard for eit kjempeflott foredrag.
Lars Erik og Knut Jørgen
Tom Arild Homme
Knut Jørgen og Håkon
Tom Arild Homme