Trond Haugom, avd Hornnes
Tlf 90 99 52 92
Send e-post
Gunhild Kåvenes, avd. Valle
Tlf 94506952/ 41 80 05 15
Send e-post
Berit Follerås, avd. Hovden.
Tlf 94 50 69 73
Send e-post
Rådgjevaren skal blant anna:
- gje elevar rettleiing og råd om val av studieretningar og fag.
- gje yrkes-og studieorientering og gje råd i val av vidare studiar/skulegang.
- prøve å hjelpe elevar som måtte ha personlege og sosiale vanskar som kan ha innverknad på skulearbeidet.
- hjelpe til/formidle søknader om lån/stipend.
- ta seg av søknader om fri skuleskyss.
Rådgjevaren skal og freiste å førebyggje problem i skulen, og vil prøve å hjelpe elevar og føresette med vanskar som måtte oppstå.
Som døme på dette kan nemnast:
- Funksjonshemmingar av ulike slag.
- Lese- og skrivevanskar.
- Språk- og talevanskar.
- Mistrivsel.
- Psykiske problem.
- Alkohol og stoffproblem.
- Tvil om kva skule eller arbeid du skal velje.
Rådgjevaren kan og formidle kontakt med:
- Pedagogisk/psykologisk rådgjevarteneste som er oppretta for å hjelpa eleven.
- Helsetenesta som er knytta til skulen.
- Sosial-og trygdekontoret.
- Arbeidsformidlinga.
Rådgjevaren har kontor i 1.etg. der det vil bli sett opp timeplan over treffetider.
Statens lånekasse for utdanning
Kontorpersonalet eller rådgjevar hjelper deg med å vidaresende søknaden din til Lånekassa.
Bur du borte frå heimen får du eit minimumsstipend per månad.
Det tek ca 3-4 veker for ein vanleg søknad frå du sender søknaden til du får utbetaling av stipendet/lånet. Du får utbetaling av stipendet til din konto den 15. i kvar månad.
Hugs å oppgje kontonummer på søknaden.
Det tek 7-8 veker dersom det er ein søknad som må vurderast særskilt.
Søknaden må leverast anten på VIGO, hos rådgjevar eller hos på kontoret.